Ørsta
ØRSTA - OSE Tiltalande tomannsbustad med flott uteområde i barnevenleg og sentralt område - Garasje
Velkomen til Hansholen 16 A! Tiltalande tomannsbustad i roleg og barnevenleg område. Tomta er pent opparbeida med særs fint hage- / og leikeområde, idyllisk og fint skjerma. Eigedomen ligg fint til på Ose med gangavstand til barnehagar, skular, daglegvarebutikk og sentrum. Lett og fin adkomst med parkering i garasje i umiddelbar nærheit til inngangspartiet. Tiltalande inngangsparti med romsleg uteplass i tilknytning. Bustaden er over to plan, og har god og funksjonell planløysing. Hovudetg. inneheld: Entre/gang, bad, bod (evt soverom el. garderobe),  kjøkken og stove med utgang til overbygd veranda med fin fjordutsikt. Stova er lys og tiltalande med mange vindauge som gjev eit godt lys og fin utsikt. Downlightsbelysning i stove, kjøkken, trappehall, overbygd terrasse og ved innkøyring til garasje. Utgang til lun vestvendt veranda med fin utsikt over fjord og fjell. Lyst kjøkken med god skap- og benkeplass. Spiseplassen i tilknytning til kjøkkenet er eit naturleg sosialt samlingspunkt i bustaden. Flott miljø og atmosfære med godt lys, fin utsikt og adkomst til lun vestvendt veranda. Integrerte kvitevarer: Komfyr, induksjonstopp. Oppvaskmaskin og kjøleskap. Tiltalande entre/gang med skyvedørsgarderobe. Bod (evt soverom el. garderobe) i tilknytning. Bustaden har bad i begge etasjer. Dette badet ligg i tilknytning til entre/gang. Praktisk og familievenleg! Romsleg bad med kvit innredning med god skapplass. Hjørnebad.
Vegghengt wc. Undertetasjen inneheld: romsleg hall, bad, vaskerom og 3 soverom, derav eit med utgang til  hage-/ og plenområde. Lyst og pent flislagt bad med dusjkabinett med semiebue. Vegghengt wc. Bustaden har tre soverom i underetasjen. Hovudsoveromet er lyst og romsleg. Her er plass til stor garderobeskap. Lyst og fint soverom. Det tredje soverommet er romsleg og L-formet. Det gjev plass til fleire soner - her nytta til sofa i tillegg til seng. Soverommet har utgang til markterrasse og flott hage-/ og plenområde. Plenområde er flatt og fint med god plass for trampoline, leikarhytte m.m. Uteområdet er fint avgrensa og skjerma med vintergrøn tuvjahekk.

NØKKELINFORMASJON

217144 - Hansholen 16 A Web

Eigedom

Hansholen 16 A 6155 ØRSTA
GNR 47, BNR 227, SNR 3 i ØRSTA kommune

PRISANTYDNING

 
Prisantydningkr. 2 750 000,- + omk.
Verditakstkr. 2 750 000,-

AREALER

Primærareal126 kvm.
Bruksareal143 kvm.
Bruttoareal157 kvm.
Eiertomt3161 kvm.

EIGEDOMSDETALJAR

BoligtypeTOMANNSBOLIG
EierformSelveier
Byggeår2006
Ant. soverom3
Oppdragsnr217144
EnergimerkingEnergimerkeEnergimerke C og oppvarmingskarakter ORANSJE

VISNING

Etter avtale med oppdragsansvarlege.

OPPDRAGSANSVARLEG

JohnnyJohnny Kragset
Eigedomsmeklar MNEF / Fagansvarleg
Tlf.:
Mob.: 97 51 59 40
johnny@kragseteigedom.no
INNHALD
Tiltalande tomannsbustad i roleg og barnevenleg område.

Bustaden er over to plan, har god funksjonell planløysing, og inneheld:

Hovudetasje:
Tiltalande inngangsparti med romsleg uteplass i tilknytning.
Entre/gang, bad, bod (evt soverom el. garderobe), kjøkken og stove med utgang til overbygd veranda med fin fjordutsikt.

Undertetasje:
Hall, bad, vaskerom og 3 soverom (derav eit med utgang til markterrasse og flott hage-/ og plenområde).

Kryploft:
Kryploft med god lagringsmoglegheit.
God takhøgde og golv. Godt lys.

Garasje:
Garasje i felles garasjebygning inntil bustaden.
Isolert aluminiumsport med el. fjernstyrt portåpnar.
Lys og innlagt straum.
Biinngang. Vindu og godt lys.

Sportsbod:
Sportsbod under garasje med adkomst frå hageområde.
BELIGGENHEIT
Eigedomen ligg fint til på Ose med flott utsikt over fjorden og sentrum.
Gangavstand til barnehagar, skular, daglegvarebutikk og sentrum.
Barnevenleg med leikeplass, badeplass og alpinbakke. Turterreng i umiddelbar nærheit.
STANDARD
Bustaden held gjennomført god kvalitet og framstår som tiltalande og moderne.

Entre:
Lys og triveleg entre.
Skyvedørsgarderobe med speildører.

Bad h.etg:
Pent, romsleg og flislagt bad.
Hjørnebad.
Vegghengt wc.
Kvit innredning med heildekkande servant, underskap, overskap og speil med integrert lys.
Varmekablar i golv.

Stove:
Lys triveleg stove med pene overflater, og flott utsyn til fint hageområde og fjorden.
Utgang til dels overbygd terrasse med downlightsbelysning i himling.

Kjøkken:
Lyst kjøkken med spiseplass i tilknytning - godt lys og flott utsikt.
Kvit innredning med mørkare benkeplate.
Alle kvitevarer er inkludert med;
Komfyr, platetopp, oppvaskmaskin (Bosch) og kjøleskap (Husqvarna)
Flislagt mellom over- og underskap.
Downlightsbelysning i himling.

Bad u.etg:
Pent flislagt bad.
Dusjkabinett med semiebue.
Vegghengt wc.
Kvit innreiing med heildekkande servant, underskap, overskap og speil med integrert lys.
Varmekablar i golv.

Vaskerom:
Praktisk vaskerom ved sidan av badet.
med god plass til oppbevaring.
Opplegg for tørketrommel og vaskemaskin.
Skyllekar.
200 l vv-bereder.
Tekn. install. som el.skap, sentralstøvsugar.

Golv:
Lys ny laminat i stove og kjøkken.
Flisar i begge bad og vaskerom.
Laminat i øvrige rom.

Veggar:
I hovudsak tapet i hovudetasje og i alle soverom.
Smartpanel i entre og hall.
Flisar i begge bad.

Himlingar:
Kvite himlingsplater.
TOMTA
Tomta er pent opparbeida med særs fint hage- / og leikeområde, idyllisk og fint skjerma.
Flatt og fint plenområde med god plass for trampoline, leikarhytte m.m.
Uteområdet er fint avgrensa og skjerma med vintergrøn tuvjahekk.
arkterrasse og fin uteplass i tilknytning til plenområde.
Singelgang langs huset og gangareal til hagebod og trapp til øvre nivå med garasje og hovudinngang.
Oppshingla innkøyrsel og biloppstilling.
Fjordutsikt og godt med ettermiddags-kveldssol.
OPPVARMING
Elektrisk og vedfyring.
Vedomn i hall u.etg.
Varmekablar i hall og begge bad.
Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning.
TILKOMST
Kort. lett og tiltalande adkomst frå offentleg veg.
Parkering i umiddelbar nærheit til inngangspartiet.
Kragset Eigedomsmekling - E-post: post@kragseteigedom.no - Tlf. 70 05 55 00