Volda
VOLDA - ROTSET Innhaldsrik einebustad på stor fin tomt i roleg og sentralt område.
Velkomen til Mylnevegen 4! Innhaldsrik einebustad på stor fin tomt i roleg og sentralt område. Romsleg tomt på 1023kvm. Fint opparbeida med plant plenområde og eit flott hagemiljø. Parkering i garasje og biloppstillingsareal i umiddelbar nærheit til hovudinngangen. Eigedomen ligg fint til i roleg gate på Rotset med gangavstand til barnehage, alle skuletilbod, idrettsstadion og natur- og friområde. Lys og triveleg stove med vedomn som bidreg til ekstra varme på kalde vinterdagar. Store vindauge gjev fint naturleg lys og utsyn. Utgang til solrik veranda i tilknytning hageområde - Perfekt frokostplass. Kjøkken i tilknytning spisestove. Spisebord er fint plassert ved vindauge. Kjøkken har godt med skap- og benkeplass. Vindauga gjev fint og naturleg arbeidslys. Romsleg hovudsoverom med god plass til stor dobbeltseng og tilhøyrande nattbord. Innfelte skap gjev god plass til oppbevaring av kle. Lyst bad i hovudetasjen med wc, servant og dusj. Trapp fører opp til loftsetasja. Loftsetasja inneheld loftstove, kjøkken, bad og to soverom. Loftstove av god størrelse med plass til fleire sittegrupper. Store vindaugsflater gjev godt med lys og fin utsikt over Volda og fjorden. Kjøkken i loftsetasjen med god skapplass. Kan gjerast om til soverom? Bad i loftsetasjen ligg vegg i vegg med kjøkkenet. Utvide bade? Bustaden har tilsaman fire soverom der to av dei ligg i loftsetasjen. Soverom med god plass til dobbeltseng. Underetasjen inneheld: Gang, 3 bodar, snekkerbod, soverom, vaskerom og vindfang med eiga inngang/utgang. Planteikning Planteikning

NØKKELINFORMASJON

217140 - Mylnevegen 4 web

Eigedom

Mylnevegen 4 6100 VOLDA
GNR 30, BNR 113 i VOLDA kommune

PRISANTYDNING

 
Prisantydningkr. 2 670 000,- + omk.
Verditakstkr. 2 670 000,-

AREALER

Primærareal182 kvm.
Bruksareal223 kvm.
Bruttoareal246 kvm.
Eiertomt1023 kvm.

EIGEDOMSDETALJAR

BoligtypeENEBOLIG
EierformSelveier
Byggeår1962
Ant. soverom4
Oppdragsnr217140
EnergimerkingEnergimerkeEnergimerke G og oppvarmingskarakter ORANSJE

VISNING

24.10 kl. 17:30 - 18:30


OPPDRAGSANSVARLEG

Trainee
Tlf.: 70 05 55 00
Mob.: 94 89 18 04
idunn@kragseteigedom.no
INNHALD
Einebustad i roleg og sentralt bustadområde med kort gangavstand til barnehage, skule, idrettsanlegg m.m.
Barnevenleg tomt med romsleg plant uteområde.

Bustaden er over tre plan og inneheld:

Hovudetasjen:
Vindfang, trappegang, gang, kjøkken, stue med utgang til lun og solrik veranda, soverom og bad.

Loftsetasje:
Loftstove, kjøkken, bad og 2 soverom.


Underetasje:
Gang, 3 bodar, snekkerbod, soverom, vaskerom og vindfang med eigen inngang/utgang.

Garasje:
Garasje med plass til oppbevaring
BELIGGENHEIT
Eigedomen ligg fint til i roleg gate på Rotset med utsikt mot fjorden og sentrum.
Kort avstand til barnehage, alle skuletilbod, idrettsstadion og natur- og friområde med Rotevatnet, Årneset m.m.
Daglegvarebutikk i nærområdet.
Gangavstand til sentrum med alle sentrumsfunksjonar.
STANDARD
Bustaden har fin planløysing og noko moderniseringsbehov.

Stove:
Lys og romsleg stove med store vindauge som gjev godt lys og fint utsyn.
Utgang til solrik veranda med direkte tilkomst hageområde.
Varmepumpe
Vedomn.

Kjøkken:
Romsleg kjøkken med god spiseplass, godt med lys og fint utsyn mot hage.
Kvit innreiing med god skapplass.

Bad h.etg
Bad av god størrelse.
dusj
wc
servant

Kjøkken loftsetasje:
Romsleg kjøkken med god skapplass.
Innreiing med malte fronter.
Stort vindauge som gjev godt arbeidslys.

Loftstove:
Stor loftsstove med god plass til sittegrupper.
Store vindaugsflater gjev godt med lys og fin fjordutsikt.
Vedomn.

Bad loft:
Enkelt bad med wc og servant.

Vaskerom underetasjen:
Romsleg vaskerom med opplegg for vaskemaskin.
Skyllekar.

Golv:
Lakkert heiltregolv, vinylbelegg, betong.

Veggar:
Malte flater og tapet

Himling:
Malt strekt papp, panel og malte flater.
TOMTA
Sørvendt og solrik tomt med gode soltilhøve.
Tomta er fint opparbeida med romsleg plant plenområde og eit tiltalande hagemiljø med frukttre, bærbusk, tuntre og vintergrøn beplantning.
Veranda i tilknytning til hageområde og med adkomst frå stove.
Fin adkomst med oppsingla Innkøyrsel og overbygd inngangsparti.
OPPVARMING
Elektrisk og vedfyring.
Varmepumpe i stove hovudetasjen.
Kombikamin i stove hovudetasje og i loftstove
Varmekabel på bad.
TILKOMST
Kort og lett adkomst frå offentleg veg.
Parkering i garasje og biloppstillingsareal i umiddelbar nærheit til hovudinngangen.
Kragset Eigedomsmekling - E-post: post@kragseteigedom.no - Tlf. 70 05 55 00